Vedtekter for Hennøy Vindforening
§ 1 Foreninga sitt namn
Foreninga sitt namn er: Hennøy VindForening (HVF)
§ 2 Føremål
Foreninga har som føremål å fremje allmennyttige prosjekt, innanfor eit på førehand definert geografisk område, til føremål som, men ikkje avgrensa til: bygdeutvikling, utdanning, kultur, helse, miljø- og rekreasjonsprosjekt.
Føremålet skal oppnåast gjennom følgjande aktivitetar:
Motta, forvalte og distribuere samfunnsmidlar frå Falck Renewable Vind for fremjing og utvikling av samfunnet rundt Hennøy Vindkraftverk.
§ 3 Organisasjonsform
Foreninga er ein frittståande juridisk person med medlemmer, og er sjølveigande. At den er sjølveigande inneber at ingen, korkje medlemar eller andre, har krav på foreninga si formue eller eigendelar, eller er ansvarleg for gjeld eller andre forpliktingar.
§ 4 Medlemmar
HVF er samansett av 6 representantar som har fast eigedom på Hennøystranda og Nesbø.
§ 5 Rettigheiter og plikter knytt til medlemskapet
Alle medlemmer har rett til å delta på årsmøte, har stemmerett og er valgbare til tillitsverv i foreininga.
§ 6 Årsmøte
Årsmøtet, som vert halde kvart år, er foreininga sitt høgaste mynde. Årsmøtet er vedtaksført med det tal stemmeberettiga medlemmer som møter, og alle medlemmer har ei stemme. Møteleiar veljast av årsmøtet.Med mindre anna er bestemt, skal eit vedtak, for å være gyldig, være truffe med alminneleg fleirtal av dei gjevne stemmene. Stemmelikskap avgjerast ved loddtrekking.
Årsmøtet kallast inn av styret med minst ein månad varsel, direkte til medlemmane, pr brev eller elektronisk. Forslag som skal behandlast på årsmøtet skal vere motteke av styret seinast to veker før årsmøtet. Fullstendig saksliste må være tilgjengeleg for medlemmane seinast ei veke før årsmøtet. Årsmøtet kan ikkje behandle forslag som ikkje er oppført på saklista, med mindre 3/4 av dei frammøtte krev dette.
§ 7 Årsmøtet sine oppgåver
Årsmøtet skal:
• Behandle årsmelding/rapportar
• Behandle innkomne forslag
• Velge
o Leiar og Nestleiar
o Styremedlemmer
o Varamedlemmer
o Revisor
§ 8 Ekstraordinære årsmøter
Ekstraordinære årsmøter blir halde når styret bestemmer det, eller minst 1/3 av medlemmane krev dette.
Innkalling skjer på same måte som for ordinære årsmøter, med minst 14 dagar varsel. Ekstraordinært årsmøte kan berre behandle og ta avgjersle i dei saker som er kunngjort i innkallinga.
§ 9 Styret
Foreninga har eit styre på 6 medlemmer. Styret er høgaste mynde mellom årsmøta. Styret skal halde møte når styreleiar eller eit fleirtall av styremedlemmene forlangar det. Det skal vere likt tal styremedlemmar frå Hennøystranda og frå Nesbø på møtene, dvs 3 representantar frå kvar side.
Styret skal:
• Utføre vedtak som er vedteke på årsmøte.
• Oppnemne eventuelle komitèar, utval eller personar som skal gjere særskilde oppgåver, og utarbeide instruksar for desse
• Administrere og føre naudsynt kontroll med foreininga sin økonomi i høve til gjeldande instruksar og bestemmingar
• Representere foreininga utad
Styret kan fatte vedtak når eit fleirtal av styret sine medlemmer er til stades. Vedtak fattast med fleirtall av dei gjevne stemmene.
§ 10 Signaturrett
Det er styret sine medlemmer i fellesskap som innehar signaturrett.
§ 11 Vedtektsendring
Endringar av desse vedtektene kan berre gjerast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte etter å ha vært på sakslista, og det krevjast 2/3 fleirtal av dei gjevne stemmene.
§ 12 Oppløysning
Oppløysning av foreninga kan berre behandlast på årsmøte, og krev 2/3 fleirtal. Foreninga si formue skal etter oppløysing og gjeldsavlegging tilfalle det føremål foreininga arbeider for å fremje, ved at nettoformue blir gjeven til ein ideell organisasjon som årsmøte bestemmer. Ingen medlemmar har krav på foreininga sine midlar eller andel av desse.
Hennøy VindForening 25.05.20