top of page

    Kven kan søkje?

  • Søkjarar må vere personar, lag, organisasjonar eller stiftingar

  • Søkjarar med lokal forankring vert prioriterte

    Kva tiltak eller prosjekt kan ein søkje støtte til?

  • Prosjekt eller tiltak innan eit avgrensa geografisk område, vist på områdekart nederst på denne sida

  • Prosjekt eller tiltak som har eit allmennyttig formål

  • Prosjekt eller tiltak som bidreg til utvikling av trivsel og aktivitet i lokalsamfunnet

  • Prosjekt eller tiltak med føremål som (men ikkje avgrensa til): bygdeutvikling, utdanning,
    kultur, helse, miljø- og rekreasjon
     

  • Det vert utnemnt årlege tema som det vert lagt særskilt vekt på igjennom foreninga.
    Dømer på slike tema kan vere barne-/ungdoms-arbeid og naturtiltak

  • Støtte vert gitt til nyskapande prosjekt, eller som supplerande støtte til prosjekt som er i
    gang men ikkje fullfinansierte

  • Støtte vert gitt til både enkelttiltak og forsøksprosjekt

  • Støtte vert gitt for eit enkelt år, dvs. at fleirårlege prosjekt/tiltak må søkje årleg

  • Det er ikkje sett ei fast ramme for kor mykje midlar som kan tildelast einskilde prosjekt, men
    dei totale tilgjengelege midlane til fordeling er om lag 180.000 kroner i året. Støtte som vert
    tildelt kan vere mindre enn støtte det er søkt om

    Kva tiltak eller prosjekt kan ein ikkje søkje støtte til?

  • Prosjekt eller tiltak som knyter seg til politiske parti eller partipolitisk verksemd

  • Prosjekt eller tiltak som fremjar livssyn eller religion

  • Prosjekt eller tiltak som aktivt arbeider imot vindkraftutbygging

  • Ordinære driftsutgifter eller betaling av gjeld

    Kva må ein søknad innehalde?

  • Ei skildring av prosjektet/tiltaket og kva formålet med dette er

  • Skildring av kven som er ansvarleg for gjennomføring og økonomi

  • Ein framdriftsplan for bruken av støtta

  • Budsjett og finansieringsplan for tiltaket

    Korleis vert ein søknad handsama?

  • Søknadsfristar vil vere 31. mars og 30. september, med behandling og tildeling innan 30. april og 31. oktober kvart år. For 2023 blir det gjennomført ein ekstraordinær søknadsrunde, der søknadsfristen er sett til 31. Januar 2023 og tildeling seinast 28. Februar 2023

  • I vurderinga vert det lagt vekt på i kva grad søknaden svarer på følgjande kriterier

  • Allmennytte for lokalsamfunnet og dei som brukar dette området

  • Grad av lokal tilknyting og/eller forankring

  • Sannsynleg gjennomføring ved hjelp av støtta

  • Vedtak om støtte/avslag kan ikkje klagast på

        Kva skjer dersom vi får støtte?

  • Søkjarar vil få beskjed om støtte eller avslag

  • Støtta til småtiltak inntil 20.000 kroner vil få heile beløpet overført til oppgitt konto

  • Støtta til større tiltak vil få halvparten av støttebeløpet utbetalt ved start, og den resterande halvparten når tiltaket eller prosjektet er gjennomført

  • Etter at støtta prosjekt er gjennomført, pliktar dei som har motteke støtte å sende ein enkel sluttrapport. Aktivitetsrapport, rekneskap og kopi av bilag, samt bilete frå gjennomføringa skal leggast fram for HVF i rimeleg tid etter sluttført prosjekt. Sluttrapport vil gjelde som dokumentasjon før utbetaling av resterande midlar

  • Utdrag frå sluttrapporten kan publiserast på denne sida under «Prosjekt»

        Link til søknadskjema her  Søknadskjemaet vert opna i GOOGLE DOCKS. Derifrå kan du velge <Last ned> og <Microsoft Word> på fil-menyen før du lagrar det på din eigen PC som WORD .docx fil. Deretter kan du fylle ut felta med WORD, lagre det på PCn din og sende det som vedlegg på mail til  post@hennoyvind.no

Kartutsnitt_Hennøy_Vindpark_jpg_bilde.jpg
bottom of page