top of page
Blue Skies

HENNØY VINDFORENING

SØKNADSFRISTAR  TILSKOT  2024
Hennøy VindForening har to tildelingar av tilskot kvart år. Søknadsfristane er 31. Mars med tildeling seinast 30 April, og søknadsfrist 30. September med tildeling seinast 31. Oktober. Sjå under fanen "Søknad".
Oversikt tildelingar finn du her: Tildeling Feb. 2023  Tildeling Mai. 2023  Tildeling Okt. 2023
Tildeling Mai 2024

STØTTE TIL ALLMENNYTTIGE FØREMÅL
Hennøy VindForening (HVF) er ei forening oppretta i samarbeid mellom grunneigarar/bygdelag i
dei to bygdene Hennøy/Nesbø, og Renantis Norway (RN) (tidligare Falck Renewables Vind AS), utbyggjar av Hennøy Vindkraftverk på Marafjellet i Bremanger Kommune.

Hennøy VindForening støttar allmennyttige formål i lokalsamfunnet rundt Hennøy Vindkraftverk.
Kvart år mottek HVF samfunnsmidlar frå RN, og distribuerer desse midlane vidare til gode
prosjekt eller tiltak som er i tråd med foreninga sine vedte
kter.

Hennøy VindForening kan støtta prosjekt eller tiltak innanfor det geografiske området som er vist på områdekartet.

Søknad om støtte kan rettast til foreninga sitt styre og sendast på e-post til post@hennoyvind.no 

Utfyllande informasjon om søknad, samt søknadskjema i GOOGLE Docs (for søkjarar som har GOOGLE-konto) finn du under fanen <SØKNAD>. 

Søknadskjema i WORD-format finn du her. Vedtektene for Hennøy VindForening finn du her. 
Link til Hennøy VindForening på Facebook finn du her.

bottom of page